Konsertlokale
STANGVIK KYRKJE
Stangvik kyrkje vert nytta til øvingar og ikkje minst den faste kyrkjekonserten på søndag under festivalen. Kyrkja er stor og du treng ikkje vere redd for ikkje å få plass :-)
BONDEHUSET
Foto: Stangvik.no
Bondehuset er eit naturleg samlingspunkt under festivalen. Konserter vert arrangert i storsalen, mens den berømte fiskesuppa og fiskeburgeren vert produsert på kjøkkenet.
PRESTEGARDEN
Vi har vore så heldige at vi kvart år sidan oppstarten i 1999 har fått lånt den eine stua i Prestegarden i Stangvik, den har vore nytta til åpningskonserten.
LÅVEN PÅ "RUTÅ"
I 2008 og i 2010 vert låven på småbruket "Rutå" (eigd av Torbjørn Brøske) brukt som intimt konsertlokale. Torbjørn med hjelparar gjorde ein storjobb føre 2008festivalen med å gjere låven i stand til å huse konserten som var på dagtid laurdag.
"PAKKHUSET KRO" på Todalsøra
I 2009 hadde vi preåpning i Ungdomshuset i Todalen - med stort hell! I 2010 har vi vært så heldige å få til ein avtale med driverne av "Pakkhuset Kro" på Todalsøra. Vi gleder oss til torsdagskvelden der!







